Velkommen til Tindevegen
Tindevegen er fjellvegen mellom Årdal og Turtagrø (32 km). Fjellvegen er ”snarvegen gjennom Jotunheimen”, det kortaste alternativ mellom Bergen og Trondheim. Og ferjefritt!! Turistveg som knyter Årdal saman med Luster og Sognefjellsvegen (nasjonal turistveg). Normalt ope frå mai til medio oktober. Fjellvegen går gjennom mektig natur blandt vakre toppar i Jotunheimen, med mange flotte utsiktspunkt. Ein kort spasertur frå traseen, ligg eit fantastisk panorama med Hurrungane og Store Skagastølstind i aust og den innarste delen av Sognefjorden og Skjolden i vest. Tindevegen er ein bomveg for MC, bilar, bilar med campingvogn og bubilar (anbefalt maks 10 meter). Sesongtrafikk omlag 30000 kjøretøy.
Rapport 16. MAI:
MidlertidigSTENGT! Snørydding pågår. Ventast ikkje opna i dag.
Oppdatering i ettermiddag.
INGEN kortautomat før neste veke. KUN KONTANT BETALING til bomvakten!
Kjøyr forsiktig!
Kronprinsen over den spektakulære Tindevegen fredag 4. mai!
Kronprins Haakon vel si reiserute med omhu når han skal opp i vår vakre fjellheim. I denne kortesjen er han å finne, saman med Marius.
Laurdag 5. mai, vart det topptur til Lauvnåstind.

Bomstasjonen er automatisk med kredittkortbetaling. RABATTKORT (20 turar) får ein ved Fortun Bensin og Statoil, Øvre Årdal.
H
