Tindevegen er populær for trafikkerande mellom Bergen og Trondheim. Fjellvegen mellom Årdal (Rv. 53) og Turtagrø i Luster (Rv. 55) utgjer det kortaste alternativet og er i tillegg ferjefritt. Frå Bergen går ruta via Voss, deretter til Flåm,Lærdal og inn til Årdal langs verdas lengste fjord, Sognefjorden.
Over Tindevegen og til Turtagrø, kjem ein inn på Noregs fyrste nasjonale turistveg, Sognefjellsvegen, som fører vidare ned vakre Bøverdalen og til Lom. Siste del går over flotte Dovre og til Trondheim. Eit ruteval som byr på variert og unik naturoppleving.
