Velkommen til Tindevegen

Tindevegen er fjellvegen mellom Årdal og Turtagrø (32 km). Fjellvegen er ”snarvegen gjennom Jotunheimen”, det kortaste alternativ mellom Bergen og Trondheim. Og ferjefritt!! Turistvegen knyter Årdal saman med Luster og Sognefjellsvegen (nasjonal turistveg). Normalt ope frå medeo mai til medeo oktober. Fjellvegen går gjennom mektig natur blandt vakre toppar i Jotunheimen og byr på fleire flotte utsiktspunkt. Ein kort spasertur frå traseen, ligg eit fantastisk panorama med Hurrungane massivet og Store Skagastølstind i aust og den innarste delen av Sognefjorden og Skjolden i vest. Tindevegen er ein bomveg for bilar, bilar med campingvogn og bubilar (anbefalt makslengde 10 meter). Sesongtrafikken er omlag 30000 kjørety.

VEGEN ER NO OPEN FOR FRI FERDSEL HEILE DØGNET.

Bommstasjonen er automatisk med kredittkortbetaling. Den bemanna for vakthald og kan yte assistanse ved behov! RABATTKORT (20 turar) får ein ved Fortun Bensin og Statoil, Øvre Årdal.  GOD TUR!