Panorama
Bileta nedanfor er alle frå same utsiktspunktet som ligg ovanfor Berdalen, ved Kolnosi, om lag 5 km frå Turtagrø sida.
Utsiktspunktet er markert frå vegen og ligg ein liten spasertur frå sjølve vegtraseen. Bileta nedanfor syner noko av det ein kan sjå i ein sirkel og som du bør få med deg når du nyttar vegen vår.
Frå punktet kan ein mellom anna sjå Austabotntindane, Skagastølstindane, Fanaraaken, Skjolden, samt Sognefjorden.
